Som sikkert mange allereie har oppdaga, er det montert ein bom ved innkøyrselen til Eldøyane Sjøsportsenter. Bommen er ein del av pågåande sikring av hamna vår. Mange lurer nok også på korleis ein no kjem til i hamna.
Litt om porten
Porten er automatisk (GSM-styrd). Den verkar på den måten at når du kjem fram til porten, ringer du opp eit nummer, og porten opnar seg. Det same skjer når du skal ut igjen. Forutsetninga er at du er godkjent som brukar av hamna.
Kven er så godkjent brukar av hamna?
Det er alle medlemmer som har ein aktiv Rettighet – dvs båt i hamna eller betalt årsavgift. I tillegg har alle leigetakarar og kundar som enten leiger båtplass, eller brukar vår opptakfasilitetar.
Brukartilgang administrerast av ESS gjennom registrering av enkelt personars/ medlemmers/ kundars telefonnummer.
Sikring av hamna.
Dei seinare åra har me registrert ein auka trafikk i hamna av ubedne gjester. Nokre av besøka omhandlar innbrot i båtar, ulovleg bruk av hamna og tjuveri av bryggemateriell. Slikt kan ikkje fortsette, og styret har difor gått til det skritt å styrka sikringa av hamna. Gjerde og portar er fyrste ledd i sikringa. Vi kjem også til å auka overvakinga av området ved hjelp av kamera. Vi håpar dette er på plass i løpet av hausten.
Det vil fortsett være moglegheit med tilgang til hamna for gåande. Porten skal i fyrste rekke hindre tilgang ved hjelp av køyretøy.
Porten vil være open fram til vi har fått system og tilgangsrettar på plass.
Styret